Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vaksenopplæring

Publisert 2012-03-30 11:55:10, sist endret 2012-04-01 10:44:06

Vaksenopplæring

Nobelprisvinnar og organisasjons-menneske og etisk sterke Sigrid Undset som ung.
Det har vore årsmøte i DnF, det vil seie i Den norske Forfatterforening. Og styret heldt fram med å kurse og lære opp forfattarane også no. Forfattarstanden er inne i fasen vaksenopplæring og vil framleis vere der. Heilt frå Anne Oterholm blei vald til leiar for dei skjønnlitterære forfattarane for sju år sidan, har ein satsa på kursing og organisasjon. Forfattarklubbane på dei store forlaga har komme på beina etter ein lengre pause. Dette gjer sitt for at forfattarstanden kan ruste seg for kampen sin.

No i helga var det årsmøte att og ei samling med 140 forfattarar. Ein representant for firmaet som sel mange bøker på nettet, Bokkilden , var hyra inn. Det var ei rask og sterk dame i snakketøyet... Eg noterte meg nøkkelsetningar på løpande band hos henne:

«Folk er inne på nettsida vår i gjennomsnitt to minutt... Så det er ein kamp om merksemda på nettet!»

«Vi er trygge på at vi har gode prisar.»

«I eit fastprisregime er den smale litteraturen like viktig for oss som breiddelitteraturen.»

«Vi kjøper søkeord.»

«Forlag sender bøker til bloggarar.»

«Ein bruker ordet gepard-utvikling - det vil seie utvikling rivande fort.»

«Vi vil ha videoklipp på bokposten.»

«Redd vi ikkje har så veldig mykje på samisk.»

«Vi har eit omgrep som den stille bestseljaren. Eit døme er Linda Olson.»

«I Bokkilden er 3 folk tilsette.»

Kategoriane av litteratur hos Bokkilden var følgjande søkeord: «kriminalroman, spenning, thriller, western, grøsser, spioner & agenter, teikneseriar». Også desse følgjande kategoriane var spesifiserte og tekne med som overskrifter å trykkje på: «kriminalhistorier fra virkeligheten, krigsromaner, science fiction & fantasy».

Midt i nøkkelsetningane hos Bokkilden reagerte ein forfattar i salen med å spørje etter lyrikk. Og der skulle Bokkilden «bli betre», parerte innleiaren straks. Eit slikt svar bør vi kunne følgje opp med vidare kontakt. Og det finst da også kategoriar i lyrikken, det skulle iallfall eg meine. Kanskje like mange som i prosaen, dersom ein byrjar å jobbe med det.


Bokhandlar Sund frå Norli Libris var også invitert til å snakke for forfattarane på årsmøtet til DnF. Han hadde noko betre tid og ro på seg enn den før nemnde raske innleiaren, og Sund las Jon Hjørneviks dikt om den utrygge diktsamlinga i bokhandelen. Bokhandelrepresentanten hadde teke med seg statistikk for forsamlinga. Elles verka han godt nøgd med stoda i boklandet og i bokhandelen. Og han følgde ikkje opp diktet om den uttrygge diktsamlinga i bokhandelen.

«Tala fortel om 640 bokhandlarar med ca 3000 tilsette. Dette blir ein bokhandel pr seks tusen norske innbyggjarar. 94 % av nordmenn har bokhandel i akseptabel avstand.»

«Mangfaldige bokhandlar.»

«Bokrådet er det som vel ut 1 % av boktitlane; elles kan bokhandelen velje mellom tre abonnement.»

«Butikkane på kjøpesentra sel overvekt av barnelitteratur.»

«90 % av den vaksne befolkninga las ei bok i fjor. 70% las på bok minst ein gong i veka.»

«Bokhandelen er ikkje flink nok med debutanten si bok nr to og tre.»

«Det er eineståande mange bokkjeder i Noreg... Eigarstukturen påverkar ikkje bokinnhaldet i butikkane.»

«Forlag og bokhandel samarbeider når det gjeld kva for bøker ein har tru på.»

Boksalet er ei blemme, tykkjer nok likevel forfattarane, som vil gjere noko. I same farten vil eg nemne eit innslag til under bolken boksal på årsmøtet. I tillegg til diskusjon med Bokkilden og Norli Libris hadde forfattarane direkte bokprat med bokhandlarar. Friviljug påmelde forfattarar trefte bokhandlarar som sto i kø for tre minutts «speed-dating» med kvar forfattar. Og dei som var med på dette av forfattarane, likte det. Dei eg snakka med, likte å snakke fort og konsentrert om boka si...

Heile årsmøtet stod i ønsket om ein norsk boklov sitt teikn, og det vil seie ønsket om eit enda sikrare fastprissystem. Her er lenke til opptak frå seminaret om boklov på Litteraturhuset nyleg, 20. mars.