Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kosmopolis

Publisert 2012-02-07 20:54:16, sist endret 2013-04-22 13:26:10

Kosmopolis

Den produktive Cornelius Jakkelln er ute med eit framhald av Trisyn,

med svært og frigjort Kosmopolis.
Velgjort arbeid? Eg gjorde meg ferdig med å omtale 2011-dikta i nasjonen og samla derfor alt på ei lenke-liste . Men så kjem til eit par bøker, eit par bøker seint for bokhandel og bibliotek og meg i hende; slik at eg opphevar min eigen (slutt)strek. Det som eg skreiv, etter kvart, om tretti diktbøker, står att, det står ved lag. Eg har vore positiv med dikt i heile 2011.

Altså held «talelista» fram. Med eit skrudd sikte. For:



1. Om å kritisere

Den nye planen min var slik: Når det gjeld utgjevingar av diktbøker som kjem i 2012, hadde eg tenkt å gjere det litt annleis enn før, ikkje berre informere og servere, men også til dels kritisere, fordi også det å kritisere tilhøve ved bøker høyrer med til både å informere og servere (noko som det er altfor lite av).



2. Ei bok til

Cornelius Jakhelln, som er ein produktiv forfattar, kom med nye bøker på fallreipet av fjoråret, for det første prosaboka «Raseri. En hvitings forsøk på en selvbiografi».. Denne har eg ikkje lese, ho er blitt kritisert av andre. Eg held på med Jakhelln si råferske Kosmopolis, som er både eit lovande framhald og ei dramatisk vidareutvikling av diktboka Trisyn frå 2010. Den nyaste Kosmopolis er meir blomstrande og vidtfemnande og omfangsrik (på 124 sider). Og ingen ting av dette som han utviklar, har eg noko imot.

Til faktisk begge diktbøkene låner forfattaren ut Olav Aukrusts ”Norrønasongen” frå 1915; ved utgjevinga Trisyn strofene 1-6, og til utgjevinga Kosmopolis kjem deretter strofene 7-14. Utgangpunktet for Jakhelln er brukt høgnorsk nynorsk à la Aukrust. Men no er utgangspunktet komme i konkurranse med kjend Henrik Wergeland (frå Kristiansand) og eiga Jakellnsk kristiansandsk målprøve. Dertil har ei rekkje av dagens poesiar dukka opp i dikta, Øyvind Berg, Torild Wardenær, seinare avlidne Stig Sæterbakken, Jenny Hval m.fl.

Boka har fire bolkar. Dikt nr to (som er langt) i den kristiansandske bolken det heiter «Vægteren Albrechts time» og byrjar slik:


Vægteren visår dæ Den danske Kvaddratur,
en tegna liden by mellom skrift å natur
I denne vide Dichtung jellår Kångens låvår,
Byens motto e dormo for «æ såvår».

(...)


Her i denne strofen er det både dansk og kristiansandsk, italiensk og tysk på kort tid. Aller første bolk i boka heiter elles Himmelen over Berlin og held høg sigarføring. Likevel er det stigning i boka.

Eg noterer meg rikdom på former og fleire norske språk og fleire heimstaddiktingar. Ein merkar både eit satirisk og eit stridslystent talent. Jakhelln nærmar seg den andre samtidslitteraturen, til dømes så får Erlend O. Nødtvedts nyaste ein konkurrent i lokalt kjærleikshat og i nasjonal dyktig utagerande posering. Heile den bergensksentrerte topografisk historiske samtidspoesien blir utfordra. Det er langdikt som gjeld, medan det i Trisyn for Jakhellns del stod for det meste 1-sides dikt. Poeten fornyar satirediktet i «Bjelketrette» frå bolk III, som er kalt Osloljod.

At boka nærmar seg den poetiske skiten er sikkert. Eit poetisk bilete er å bruke avføring som bilete på menneskeleg fellesskap. Eit anna moment er dagsaktuell kritikk. Jakelln går inn i samtida på ein annan og betre måte enn dei estetisk forsiktige. Når Jakelln t.d drøftar skildnaden mellom sørnorske Vågsbygd og Tel Aviv, da kjem Tel Aviv best ut! Forfattaren er ingen politisk ekstremist, og han støttar stolt Arbeidarpartiet i avisintervju. Noko av grunnen til medlemsskap i DNA er nok eit Israelforsvar som han finn for godt å føre fram i dikt.

Sjølv om eg lokalpolitisk har gått inn for støtte til palestinarane ved fleire demonstrasjonar og ved fleire gonger som initiativtakar i kommunestyret, ser eg Jakhelln sine fine Israel-dikt og vil av dei nemne det åtte-strofa «Jorsalferd», som eg siterer sluttstrofa på:


(...)

Eg er ein av deim som bangar for Jehova
bangar for landet som jødane vart lova
Skipet hev lagt til kai, flyet hev landa
Dei er ein nasjon, ikkje påstå noko anna



Alt det han bruker den lyrikkavlagte verskunsten til i boka, gjer han også estetisk skiten etter dagens aktuelle poesimal. Men kanskje er poeten likevel mindre utsett i Kosmopolis enn i Trisyn? Det står att å sjå. På side 106 er poeten blitt sjølvironisk: «(...) me er ein 10-femten stykk rundt um som elskar høgnorsken(...).»



3. Oppsummering

Men kanskje er det byttinga mellom frie rytmar og klassisk metrum som er den verste snublesteinen for det etablerte kritikarane? Kanskje er det verre at han byttar mellom høgnorsk og dialektar, eller kanskje er det ille korleis han byttar mellom norsk og andre framande språk enn engelsk og svensk? Eller korleis han byttar mellom såre og sårbare okkupasjonskjensler (alt i opningsdiktet) og poesiskriving på svartmetall (og ny lågkultur?) Forfattaren går, kort sagt, inn i ei sterk avantgarderolle, med mykje nyskapt montasje, på ramme alvor.

Den israelske delen er av dei beste delane (og minst poserande). Jakelln kjem direkte frå populærmusikken (jfr. «bangar for Jehova»); populærmusikken som sjølvsagt har halde på det gamle versmetrum. Og Jakelln kan også stille med rap-liknande vers. På fleire måtar er dette ein ung poesi.

Først og fremst bruker han eit slags «raseri» som drivkraft. Jamfør tittelen på den nemnde sjølvbiografiske prosaboka. Forfattaren er ikkje redd for kjenslene. (Orsak at eg ikkje har tatt med musikk og prosa i denne artikkelen; men eg har ikkje med meg noka avis/noko radioprogram/nokon TV-kanal, eller noko tidsskrift, som oppdragsgjevar.)

Førebels: Enno er eg ikkje stand til å slå fast om Kosmopolis er utvikling vidare frå Trisyn eller om Kosmopolis heller er ein ny komplementær del av forfattaren sin lyrikk. Dette vil framtida syne. Kva er Kosmopolis? Stor by med mange nasjonalitetar.

Til slutt ein repetisjon av bolkane i boka: 1) Himmelen over Berlin. 2) Den danske quadratur. 3) Osloljod. 4) Kosmopolis.