Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vansken med å rime

Publisert 2012-01-19 18:06:05, sist endret 2012-01-26 11:52:01

Vansken med å rime

Vi skal sjå på handtverk. Eg vil drøfte handtverket i to omsette dikt, Hermann Wildenveys versjon av Æsops fabel om musehuset er det eine, og omsetjing av Charles Baudelaire sitt dikt Albatossen til norsk er det andre.



I.


Wildenvey er brå nok til å skildre rovdyret katten. Det har atskilleg med Wildenveys råe livssyn å gjere. Forfattaren kan brukast som motvekt mot noko av den overdrivne fredsæla i norsk julenatt. Først og fremst er Wildenvey generelt ein glimrande versifikator, også i denne gjendiktinga, han er jamførbar einast med Henrik Wergeland og Rudolf Nilsen på norsk grunn, kanskje eit par til hos oss.

Eg trudde lenge det var gjennom ei bok med omsette Æsops Fablar at vi ungar lærte det kjende musediktet utanboks. (Eg hugsar at foreldra mine hadde denne boka sett i nedste hylle i stova, heilt nede ved golvet.) Men det er skilnadar i omsetjinga: bl.a ”flabben full” versus ”labben full”, i siste strofe. Eigentleg liker eg den siste varianten betre, det er betre balanse i «labben full», men det no mi meining og ikkje avgjerande.

Det som eg har brukt under, fann eg faktisk på nettet i samband med ein amatørbarnescene og er kanskje ein versjon tatt frå samla dikt av Herman Wildenvey (inklusivt gjendiktingar)?


Det var i et hus
med masser av mus,
de hadde en katt,
som listet og skvatt
natt etter natt,
og mus etter mus ble tatt!

Da holdt de et råd
og mante til dåd:
Hver mus måtte se
å gjøre no’ ve’
det elendige kre
som verre og verre ble!

«Men hva var nå best?»
sa musene flest.
På en tomtønne sto
en liten på to,
og de andre lo
da de hørte hun foreslo:

«Hør engang,
jeg har tips.
Vi henger en bjelle på katten
om natten.
Når bjellen klinger
tar vi og springer, vips!»

En mus som var grå
av å grunne på
hvor en utvei fans,
svingte sin svans
og ytret så:
«Det var fint det du sa!
Bjelle på katten
om natten er bra.
Men hvem henger bjella på katta
til natta?»

Da gnistret det lyn
fra usynlige syn,
og det raslet i musehaler.
Musene skvatt
til hvert sitt hull,
og en lydløs katt
stod med flabben full
av den siste ærede taler.



Wildenvey var langt ifrå den beste forsvararen av demokratiet, og det kjem kanskje fram her i gjendiktinga av Æsop. Ei alternativ tolking er at det gjendikta diktet syner demokratiet sitt skjøre liv. Elles var Wildenvey (kunstnarnamn) spesielt god på rytme og musikalitet og ein av dei aller mest hardtarbeidande poetane vi har hatt, sjølv om han likte å framstå som slentrande i poesien sin.




II. Så Baudelaire og albatrossen



Først siterer eg Baudelaire sitt dikt frå 1857 på originalspråket. Deretter plankar eg ei svensk grovomsetjing av teksten, ei omsetjing utan omsyn til rim og rytme og versdeling. På den måten kan vi følgje med, trur eg. Les fleurs du mal er ei svært kjend diktsamling, kjend også på grunn av forfølgjinga frå den franske sensuren.


L'Albatros


Souvent, pour s'amuser, les hommes d'équipage
Prennent des albatros, vastes oiseaux des mers,
Qui suivent, indolents compagnons de voyage,
Le navire glissant sur les gouffres amers.


À peine les ont-ils déposés sur les planches,
Que ces rois de l'azur, maladroits et honteux,
Laissent piteusement leurs grandes ailes blanches
Comme des avirons traîner à côté d'eux.


Ce voyageur ailé, comme il est gauche et veule!
Lui, naguère si beau, qu'il est comique et laid!
L'un agace son bec avec un brûle-gueule,
L'autre mime, en boitant, l'infirme qui volait!


Le Poète est semblable au prince des nuées
Qui hante la tempête et se rit de l'archer;
Exilé sur le sol au milieu des huées,
Ses ailes de géant l'empêchent de marcher.



Kan ein sette desse strofene om til tilnærmingsvis vanleg svensk for å skjøne kva diktet handlar om? Ja, det kan ein. Slik som dette plankar Sverker Göransson og Börje Räftegård den prosaiske og stygge forteljinga i diktet og serverer jamføring mellom fugl og poet (Kjelde er Modern utländsk lyrikk, Prisma 1975):

Ofta fångar besättningsmännen, för att roa sig, albatrosser, jättelika havsfåglar, som likt loja medresenärer följer skeppet som glider över de bittra djupen.


Knappt har de satt ned dem på däcket, förren dessa den klarblå himlens kungar, fumliga och skamsna, ynkligt låter sina stora vita vingar likt åror släpa bedvid sig.


Denne bevingade resenär, så klumpig och svag han är! Han, som nyss var så vacker, så löjlig och ful han är! En retar hans näbb med en snugga, en annan härmar haltande kryplingen som nyss flög!


Diktaren liknar molnens furste som jagar stormen och skojar med bågskytten; i landsflykt på marken mitt bland hånskratten hindrar hans jättevingar honom att gå.


Joh! Her går alt på skinner, stort sett konkret og nøkternt fortalt, og med sterk empati frå poeten utheva i tredje strofe. Ein omsetjar/ gjendiktar bør ikkje kødde dette til. Sjå her: Svenske Ingvar Björkeson klarte biffen i si omsetjing av Baudelaire.

Korleis gjekk det så med Kjell Nilsen på bokmål (riksmål) då han gav ut Baudelaire i fjor? Eg tykkjer han klarer seg bra i dei to første strofene, men slit litt med å lande i den tredje pluss at han har tona ned alt mykje diktet sin empati og særeigne fuglebiologi der. Her er både strofe tre og fire:


Og den fuglen som nyleg slik verdighet hadde,
er nu ynkelig, utmattet, komisk og stygg.
Og mens noen lar nebbet bli brent med en snadde,
mimer andre den haltende fugl som fløy trygg.

Ja, Poeten er lik disse stormkjære fugler,
de som ferdes som prinser i himmelens blå.
I eksil på en jord hvor man huier og uler,
der blir vinger en hindring - de kan ikke gå.


Dette går ikkje, slutten kjem ikkje i mål: «der blir vinger en hindring - de kan ikke gå.» Prøver gjendiktaren å vere på eit vis vittig - eller kanskje - tvetydig her? Trur han ikkje på den franske diktaren si likning mellom poeten og fuglen i to situasjonar. Likninga er god, også lauserive, tykkjer eg. Og eg tykkjer diktet Albatrossen i originalen (eller i svensk versjon) er eit prov på at det vellykka kan finnast!

Korleis løyste så Haakon Dahlen oppgåva med å setje om diktet, når han var i gang med Baudelaire for ein del år sidan? Dette kjem.

Og her er Haakon Dahlen si omsetjing av diktet ”Albatrossen”, som kom i boka Det vondes blomar (2001). I omsetjinga legg han seg nært opp til originalen i forteljing, samtidig som han klamrar seg til den fulle rimlyden i enderima. Det som han må slakke på, er den poetiske verdien av rimorda; er dei vesentlege nok, til dømes ”tang” i første strofe, «tang» ender til om med heile denne strofa? For her i diktet om albatrossen er scena havet og himmelen og dekket.



Ofte fangar sjøfolk, for å trøytte tida,
albatrossar, havfugl med eit veldig vengefang
som dovne, selskapslystne, glir langs eine sida
når skipet pløyer havets salte djup i tang.

Knapt har ein lagt dei ned på dekkets plankar,
kongar i det blå, før keitete som dårar
dei flaue strekkjer langsmed begge flankar
dei kvite vengene, lik lange årar.

Den stolte flygaren blir ynkeleg og ussel!
Nyss staseleg, nå hesleg med eit komisk preg!
Éin stikk ei pipe inn i nebbet utan blussel,
ein annan hermer krøplingen, med hinkesteg!

Poeten liknar himmelfyrsten, fri og open,
som spottar stormen, ler til skyttaren sin trå,
ein heimlaus her på jorda, mellom folkehopen,
med digert vengespenn som held han frå å gå.