Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Er det rare best?

Publisert 2011-08-31 10:41:46, sist endret 2016-09-25 15:50:52

Er det rare best?

Den sovjetrussiske poeten Velimir Khlebnikov er komen ut på norsk.
Hos komponisten Beethoven bryt ein tyrkisk marsj brått rett inn i bygningskroppen i det opphøgde og monumentale symfoniske orkesterverket - .

Hos Beethoven bryt menneskerøysta skarpt inn i alt det omfattande instrumental-musikalske, og dette skjer på slutten av den siste (og niande) symfonien hans. På si tid var denne innblandinga spesielt ny og rar. Men Beethoven var på den tida ein godkjent kunstnar med ivrige tilhengjarskarar.

Nettopp rare er dei vidgjetne måleria, t.d solsikkene, gjort av den både intelligente og engasjerte kunstnaren Vincent van Gogh. Så lenge han levde var han likevel ikkje, og dessverre ikkje, noko salsobjekt.

Alf Prøysen er eit godt døme på det rare, det rare både for publikum og forskarane. La meg berre nemne følgjande kjende visetekster: Han har eit litt rart allsongsrefreng i ”Du ska få en dag i mårå”. Ok? Diktaren har allsong om stor felles jobbførebuing til fest ved ”Nå har vi vaska golvet”, og visseleg er det både nytt og rart å (golv)vaske fram evangeliet og å vaske det fram på Ringsakerdialekten.

Av det aller beste hos Prøysen er den temposterke men magiske teksten ”Æille så nær som a Ingebjørg”. Intens er den harde og rare sommarbluesen ”Slipsteinsvæilsen”. Og mykje skeivt og ulogisk er det i livsbiletet og (kanskje er det) dødssongen på dialekt: ”Så seile vi på Mjøsa”. Jamfør essayet av Jan Erik Vold om denne tittelvisa i Alf Prøysens siste visebok, eit år før han gjekk bort.



Kva med Velimir Khlebnikov?


Eg tenkjer å forfølgje det «rare». Noko av det første ein merkar seg ved lesing av den sovjetiske poeten Velimir Khlebnikov, er alt det rare i orda og estetikken. Aschehoug har gjeve ut eit utval med simultan-plasserte dikt på russisk og norsk. Eg siterer somme av dei omsette dikta av Khlebnikov, først dei korte. For det rare kjem tydelegast fram i det korte diktformatet. Rutinerte omsetjarar av dikta er radarparet Mikael Nydahl og Gunnar Werness:



Når hester dør – puster de,
når vekster dør – tørker de,
når soler dør – da slukner de,
når mennesker dør – synger de sanger.



Det er parallellføring her som gjer diktet: det magiske er stempla fram gjennom sluttlina om menneska. Diktet er frå 1911, eit produktivt og viktig år for forfattaren. Det neste dikteksemplet rommer eit heilt nykonstruert ord, på russisk og norsk. Les:



PÅ MORGENEN


O, min venn, hva er dét for lyd!
Det var Gud som tok et hopp mot Gyd.



Også her kjem det noko parallelt; plasseringa av Gud og Gyd. Gyd er både demonstrativt og konkret i samband med spørsmålet (i første linje) om lyd. Kjøper du det? Dette og det følgjande kortdiktet er frå 1921, eit anna produktivt og viktig år for forfattaren. På denne tida invaderte mange europeiske makter den ferske Sovjetstaten. Men det er ei anna soge.



Ville raun, ville raun,
hvor er du hen, hvor er du hen?
Som en ravn, som en ravn,
vinger dekt i umring.



Ja, umring... Raun er det same treet som rogn. Eg har sjølv eit slikt tre utafor huset mitt. Men eg har vel langt fleire skjorer enn ramnar i nabolaget mitt, når sant skal seiast. Vi har det vi har.

Korleis blei så poeten mottatt i samfunnet, og korleis såg han på samfunnet? Her skal vi sjå på poeten sin eigen versjon frå 1921-22, ”Jeg og Russland”:



Russland ga frihet til tusener på tusener
Bra gjort! Dette vil bli husket lenge.
Men jeg tok av meg skjorta.
Og ut av hver speilskyskraper på mitt hode,
ut av hver sprekk
i kroppens by
ble det hengt matter og løpere av rød kaliko.
Borgerinner og borgere
av Meg – staten
av hårlokker med tusen vinduer – flokket seg i vinduene.
Olgaer og Igorer
frydet seg over solen og kikket ut gjennom huden
på ingens befaling.
Skjortas murer hadde falt!
Men jeg hadde bare tatt av meg skjorta,
og skjenket sol til folkeslagene i Meg!
Naken sto jeg ved havet.
Slik fikk folkene frihet,
og massene farge.



Khlebnikov var ein slags patriot, han var også ein pan-slavist og hadde avanserte mål for språket i dei slavisktalande landa. I tillegg til poesi og språk sysla han med matematikk og brukte matematikk på historia. Når eg les Khlebnikov, skulle eg ønske at eg kunne russisk - .

Noko av det rare hos Khlebnikov er det konkrete - . Merkeleg er det vel at det konkrete skal vere rart og underleg? Boka er svær og rik. Han har til dømes det fantastiske og lange diktet «Sleggen». Mange dikt er lange, i pakt med tida sin vane. Noko russisk var det også i det. Les elles det khlebnikovske diktet om å flire, «Flirebesvergelsen». Poeten er enda betre enn enn det ryktene om han har sagt... Og i boka finst klåre temaval og opplesingskandidatar.

Tittelen på den norske utgjevinga med Velimir Khlebnikov, fødd 1885, er Tidens ingenkonge. Sjå verslinja i diktet over: «på ingens befaling». Forlaget for denne utgjevinga er Aschehoug. Her vil eg nemne at Aschehoug samstundes har gjeve ut eit band med Vladimir Majakovskij-dikt og eit band med Marina Tsvetajeva-dikt. (Tsvetajeva og Majakovskij er fødde 1892 og 1893, altså nokre få år etter Khlebnikov.)